«Norge trenger bonden» vekkjer oppsikt hos BBC
Publisert: 10. mai 2015
BBC har fatta interesse for Pikekoret Ivar og musikkvideoen «Norge trenger bonden».
Det er BBC Trending, kringkastingsselskapets blogg om kva som blir delt i sosiale medium som har plukka opp merksemda musikkvideoen har fått på YouTube.
Pikekoret Ivar held til på Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, og har laga videoen til årets studentrevy. I påska vart videoen svært flittig delt og kommentert på sosiale medium.
BBC Trending skriv at videoen ikkje berre handlar om syngande kvinner og ein fantastisk landleg idyll, men at den er ein del av debatten om framtida for norsk landbruk.
Dei har fått med seg både diskusjonane rundt buplikt og konsesjonsgrenser.
BBC Trending har snakka med ein talsperson for landbruksminister Sylvi Listhaug, som svara at videoen er ei av fleire politiske fråsegner i forkant av dei årlege jordbruksforhandlingane.
Ministeren sjølv hadde ingen kommentar til BBC om videoen.
På denne tida i fjor gjekk en annan musikkvideo med bønder i hovudrolla ein sigersgang på Youtube og andre sosiale media. Då var det bønder i Rogaland som med «Kæ seie bonden, Listhaug» fekk formidla bodskapen sin.