Geiteflokk ved Lykkjestølane i Øystre Sildre. Foto: Yngve Rekdal/Skog og landskap

Mat kan produserast i utmark

Publisert: 28. mai 2015

Auka matproduksjon krev at heile landet blir teke i bruk. Noreg har svært lite dyrka areal for produksjon av mat. Berre 10 millionar dekar, eller 3 prosent av landarealet, er jordbruksareal. Det meste av landet er utmark. Trekkjer ein bort jordbruksareal og busette areal utgjer utmark heile 96 prosent av landarealet. Her ligg det store arealressursar som kan brukast i matproduksjon, men haustinga kan berre gjerast av beitedyr.

Skrevet av Yngve Rekdal, Skog og landskap

Foreløpige tal frå prosjektet «Arealrekneskap i utmark» ved Norsk institutt for skog og landskap, viser at kring 138 millionar dekar, eller 45 prosent av landarealet, kan nyttast som beite for husdyr. Det vil seie at det frå desse areala kan haustast fôr som gjev tilvekst hos beitedyr. Dette er beite i snaufjell, fjellskog, barskog, lyngheier lang kysten og i raviner i flatbygdene. Om lag 9 prosent av landarealet er i beste beiteklasse, svært godt beite.
Beiteressursane i utmark er ulikt fordelt, med store regionale og lokale variasjonar i mengde og kvalitet. Troms er fylket som kjem ut med eineståande høg beitekvalitet med heile 22 prosent av arealet som svært godt beite. Agderfylka, Hedmark og Finnmark kjem ut på den fattigare sida med kring 5 prosent eller mindre i beste klasse.

Regionale gjennomsnittstal kan skjule store lokale ulikheiter skapt av berggrunn, lausmassar, topografi og klima. Døme på dette er Hedmark med svært rike beite i nord, og skrinnare midt og sør i fylket. Sør-Trøndelag har rike fjellbeite, men fattigare ut mot fjordar og kyst.

Geiteflokk ved Lykkjestølane i Øystre Sildre. Foto: Yngve Rekdal/Skog og landskap
Geiteflokk ved Lykkjestølane i Øystre Sildre. Foto: Yngve Rekdal/Skog og landskap

Det er ikkje meir enn 100 år sidan utmarka var viktigaste fôrgrunnlaget for norsk husdyrproduksjon. Haustinga av fôr i utmark har sidan gått mykje tilbake, men framleis er det ein viktig del av fôrgrunnlaget for norsk landbruk. Norsk sauehald, med 1,9 millionar sau, hentar det meste av produksjonsfôret frå utmark. Utmarksbruk er i auke i produksjonen av storfekjøt og 243 000 storfe gjekk meir enn 5 veker i utmark i 2013. Det vart hausta verdiar for vel 1 milliard kroner dersom desse skulle vore erstatta av grovfôr. Tek ein også med reindrifta som haustar i utmark heile året, blir dette talet atskilleg høgare.

Foreløpige landstal frå prosjektet «Arealrekneskap i utmark» viser at fôruttaket frå norsk utmark i alle fall kan doblast. Truleg kan det haustast atskilleg meir, men da vil ein måtte gå noko ned på tilveksten på dyra da dei vil måtte ete meir av planter med lågare fôrverdi, slik som til dømes lyngartar.

Beitekvaliteten i utmarka er ikkje berre naturgjeve. Mykje av vegetasjonsbiletet i norsk utmark er ein arv etter tidlegare tiders veldig intensive utmarksbruk. Beiting , slått og anna hausting gav eit ope, grasrikt landskap. Situasjonen i det meste av landet i dag er at beitetrykket er for lågt. Tresettinga blir tettare og planteproduksjonen i undervegetasjonen blir redusert når lys og varme ikkje slepp ned. På den beste marka kjem høgvaksne urter og bregner inn og skuggar ut graset. Beitekvaliteten blir derfor sakte redusert på store areal. Utmarka må skjøttast skal beitekvaliteten takast vare på.
Utmarksbeite er den mest arealkrevande næringa vi har. Om lag 35 prosent av norsk landareal blir bruka av organiserte beitelag. Tek ein med reindrifta, som reknar 40 prosent av landet som sitt driftsareal, blir det store areal som kvart år blir hausta av beitedyr. Skal beitenæring kunne drivast må tilgangen til areal sikrast. Arealtilgangen er i dag stadvis sterkt truga av andre arealinteresser som vern av rovdyr, hyttebygging, skogplanting og jakt.

Ei produktiv utmark er eit fortrinn for norsk landbruk. Denne «gratisressursen» er eit vilkår for lønsemd i sauehaldet. Storfehaldarar ser også meir mot utmark som del av fôrgrunnlaget. Det kan produserast mykje meir mat frå norsk utmark ut frå den ressursen som ligg der. Det kan truleg også hentast ut ein meirverdi frå det utmarksbaserte landbruket. Sunn mat, produsert i rein og vakker natur, med høg dyrevelferd skulle høve godt inn i trendar som ein ser i matmarknaden no. Dess meir det øvrige landbruket går mot det industrialiserte, vil beitebruk stå fram som eit økologisk alternativ som også høver inn omgrep som kortreist mat og mat med lokal identitet.

Ei utfordring er å finne driftsformer for bruk av utmark inn eit moderne landbruk. Det gjeld til dømes organisering av beitebruk og å lage driftsopplegg som ser den samla ressursen i inn- og utmark i samanheng. Utmarkbeite kan drivast med godt resultat over det meste av landet dersom ein tilpassar drifta til dei lokale naturvilkåra. Nokre bygder har ressursar i utmark som gjev særskilt gode vilkår for å utvikle eit utmarksbasert landbruk.

Artikkel hentet fra nationen.no