Hagemarkskog i Vingelen, Tolga. Foto: Yngve Rekdal

Den innmarksnære utmarka

Publisert: 5. juni 2015

Norsk matproduksjon skal aukast. Det kan gjerast ved å intensivere produksjonen på det arealet som er dyrka, eller gjennom nydyrking. Frå utmark kan vi også meir enn doble fôruttaket, men dette forutset nok tilgang på vinterfôr. Den innmarksnære utmarka er ein viktig ressurs som kan avlaste innmarka til produksjon av vinterfôr. Dette er også areal som er viktige for oppleving og biologisk mangfald i bygdelandskapet.

Skrevet av: Yngve Rekdal, Skog og landskap

Den typiske arealfordelinga i jordbrukslandskapet i dalar og langs fjordar i landet vårt, er at den fulldyrka marka ligg i dalbotnar eller på strandflater. I librotet der dalsidene reiser seg, kan ikkje traktoren nå lenger. Areala her nedst i lisidene er noko av det mest produktive vi har i norsk natur. Dette av di næringsrikt sigevatn ofte slår ut mot overflata her. Litt heva over kaldluftstraumar i dalbotnen, vil det også vera eit svært godt lokalklima.

Desse areala er ofte gammal kulturmark og i mange bygder er dei i god hevd som grasrike bakkar eller skog med eit karakteristisk parkpreg. Overgangen til mindre kulturprega utmark er gjerne gradvis og gjev landskapet mjuke liner. Andre stader står skogen som mørke veggar mot dyrka mark og gardstun. Dette blir eit meir vanleg syn etter kvart som det er lite beitedyr i mange bygder. Vi ser dessutan at beitedyr i stor grad går på fulldyrka mark og dermed reduserer grasavlingane til vinterfôr. Ei avbeiting av eng på våren kan redusere avlinga i alle fall 15-20 %.

Høg produktivitet gjer at det på innmarksnære areal ligg ein stor arealressurs der det kan produserast fôr som kan haustast av beitedyr, utan at det er lagt ned store dyrkingskostnader. Der det er godt med sigevatn kan hausting av god avling skje år etter år utan tilføring av næring. Gjødsla kjem ned liene med sigevatnet. Tilførsel av gjødsel kan auke produksjonen ytterlegare. Kultivering for beite på slike areal kan dermed spare store areal av dyrka jord til produksjon av vinterfôr eller åkervekstar.

Da desse areala gjerne forekjem litt heva opp frå dalbotnar der vegar oftast går, er dei godt synlege og svært viktig for opplevinga av bygdelandskapet. Dette er derfor også strategisk viktige areal for landbruket å halde i hevd for å synleggjera produksjon av kulturlandskap som er eit av dei fellesgode næringa bidreg med. Beitelandskapet gjev òg eit særeige biologisk mangfald, og dette landskapet er fint å ferdast i. Å legge til rette for ferdsel her, vil i mange bygder tilføre ein attraksjon både for tilreisande og lokalmiljøet.

Frodige utmarksareal er i naturleg tilstand dominert av høge urter eller bregner. Slik mark kan lagast om til gode beite ved å rydde tre- og busksjikt og sette på høgt beitetrykk. Høge urter og bregner er trakksvake. Hard beiting, helst med storfe, vil over nokre somrar kunne gje ein fin grasbotn. Slike areal tilfredsstiller krava til innmarksbeite og kvalifiserer til produksjonstilskot dersom dei blir inngjerda. Ei slik kultivering av rik utmark bør i mange høve kunne vera eit godt alternativ til fulldyrking som oftast skjer på fattigare areal.

Fattig mark bør ein vera varsam med å gå laus på. Her kan ein oppnå omvendt effekt og tørke ut jordbotnen ved å ta bort tresjiktet. Skal ein få til noko her må ein tilføre gjødsel. Har ein nok gjødsel får ein alltids beiteareal. Gode døme ser ein på Jæren der innmarksbeitearealet er utvida svært mykje ved å køyre husdyrgjødsel på skrinne røsslyngheiar.

Utviklinga innan dei grovforetande husdyrslaga er at buskapane blir større og bruka færre. Eigedomsstrukturen i norske bygder er gjerne slik at det går smale teigar frå lågland til fjell. På den måten blir dei innmarksnære utmarksareala delt opp i små teigar, som kvar for seg er for små for store buskapar. Skal desse areala kunne brukast må det organiserast rasjonelle einingar på langs av dalsidene og på tvers av eigedomar.

Det er òg viktig å utvikle beitesystem, til dømes ved ei god avbeiting av den innmarksnære utmarka med sau tidleg om våren, før fjellsending. Sidan kan storfe og hest beite her sommarstid. Sauen kan igjen koma inn utover hausten med dyr som ikkje har så høge fôrkrav. Det er viktig at storfe er til stades på frodige areal, da desse har større trakkeffekt og et grovare planter. Beiting med fleire dyreslag vil gje betre beiteutnytting, betre kultivering og minske smittepresset frå innvollssnyltarar.

Den dyrkbare jorda i landet er veldig ujamt fordelt. Hedmark fylke har til dømes 20 % av det totale arealet som kan nydyrkast, medan mange bygder på Vestlandet ikkje har areal for nydyrking. Kultivering av den innmarksnære utmarka kan vera ein god utveg for å auke arealgrunnlaget for jordbruksproduksjon. Ei stor utfordring er å finne ei framtidsretta organisering av areal i ein eigedomsstruktur laga for 1800-talslandbruket. Det må dessutan utviklast driftsopplegg som ser den samla ressursen i inn- og utmark i samanheng.
Artikkel hentet fra Nationen.no